LokalAvisa.no > Søndre Senniens Budstikke > Namn på Senja søk   mail
 
 
Namn på Senja 24/05 2001
Buvika
Buvika (foto:hakre)
Buvika (foto:hakre)
v/hakre
(Uttale: bu:vi:ka)

Tel bildet: Buvika i Tranøy, breie vika med Eidefjellet i bakgrunnen.


Det e 27 Buvike i Nord-Norge (som står på kart M-711). I tillegg har vi en mengde namn der Buvika e førsteledd - f.eks. Buviktijn, Buvikelva osv. I Tranøy har vi visst bare ei buvik, den som tidligare hørte tel i Bjarkøy kommune. Denna Buvika ligg ca. 6 km austafor Skrolsvika. Nordpå Kvaløya har vi også en gård som heite Buvika - der forfattaren Lars Berg var ifrå. Og så alle de andre.

I Buvika renn Buvikelva uti havet, og ovafor bygda har vi Buviktijn. Og selvfølgelig Buvikmarka.

Førsteleddet bu kan ha betydninga lite hus, liten sjå - altså ei bu. Men svært ofte har det med boplass eller beite å gjøre - bustad der folk har sett seg ned - eller bumark der dyr beite. Me Buvika i Tranøy (gamle Bjarkøy) betyr nok dette med hus - etter skrivemåten frå middelalderen.

Den eldste kjente skrivemåten e nemlig Bwdarwiik (budarvik) i et diplom (dokument) i Trondenes jordebok frå ca. 1400. Då låg gården under Bjarkøy-kjerka. Ellers har vi skrivemåtan: Bowig frå 1610, Boevigen 1661 og Buevigen 1723. De siste skrivemåtan e minninge frå danske futa som la namnan over tel dansk.

I seinare år har gården heitt Buvika i muntlig tale, og skrivemåten stor sett den same. Men det har vore en vanlig tendens i namn som ende på -a å stryke a-en tel slutt. Det har nokka med posthus-namn å gjøre, men kanskje også ei oppfatning av at a-en tel slutt ikkje e så fin.

Den tid Buvika var poststad, var skrivemåten Buvik, oppretta som brevhus i januar 1909 og nedlagt i 1912. Brevhuset blei oppretta på nytt i juli 1952 med namnet Buvikstranda - og så lagt ned igjen i 1967.

Hakre
Ved hnn, kl 22:30
 
Melding til redaktøren
Fra:
Min emailadresse:
Beskjed:
Søk i artikler
Søkeord: