LokalAvisa.no > Søndre Senniens Budstikke > Namn på Senja søk   mail
 
 
Namn på Senja 03/05 2001
Skaland - Skaga - Skagen
Skaland - Skagland (foto:hakre)
Skaland - Skagland (foto:hakre)
Uttale: ska:lajnn, ska:ga, Ska:gen)

Bildet: Skaland er Skagland

Skaga har vi ute i Hofsøya. Det e en lang odde som strekke seg frå austersida av Hofsøystraumen utover Vågsfjorden. Skagen heite nordspissen av Danmark og hundre andre plassa. Skaland ligg på yttersida av Senja i Berg kommune. Skaland har eg funne fire plassa i heile Nord-Norge, mens forleddet skag, skaga, skaget eller skagen finnes i 104 namn i landsdelen (ca. 250 i heile landet - iflg. kartserien M-711). Vi kjenne det frå Vardø der det lengste neset på øya heite Skagen og ytterst ute Skagodden. På Langøya i Vesterålen har vi flyplassen på Skagen mellom Sortand og Stokmarknes. Vi har nemnt nordpissen av Danmark - og på Åland er namnet godt kjent - i lignanes betydning som skatan, på Senja skatta, spisst ness. (Jfr.
fisken skata med spiss både atte og framme).

Skag, Skaga e et produktivt namn som har fått endinge som -odden, -øya, -landet osv.

Skaland ute i Berg e et av di mange skag-namnan som har tatt seg et etterledd. Her har g-en i skag samtidig falt bort. Og så står Skaland igjen. Men det e altså same namnet som Skaga i Hofsøya - og betyr det landet eller nesset som ”skage” utover og blir en lang, smal odde. Under vatn har vi namnet snag med same betydning. ”Han snage utover der”, seies det kanskje om en feskeplass i havet som heite Snaget. Det e altså et undersjøisk ness.

I gammelnorsk heitte det skagi, og det finnes i to grunnformer skagen og skaga, hankjønn og hokjønn.

Hakre
Ved hakre, kl 17:38
 
Melding til redaktøren
Fra:
Min emailadresse:
Beskjed:
Søk i artikler
Søkeord: