LokalAvisa.no > Søndre Senniens Budstikke > Namn på Senja søk   mail
 
 
Namn på Senja 07/04 2001
Når skrea går
Skredalen ved Eide (foto:hakre)
Skredalen ved Eide (foto:hakre)
Om Skreneset og Skredalen på Stonglandet

På bildet her ser du Skredalen vestaførr Eidet. Du kan se at dalen verke som ei trekt som syg tel seg snyen ovaførr, sende han nedover lia og spøtte han ut mot Skrenesset og havet.

Av og tel blir man mint på korførr en plass heite det den heite. Som no detta med Skrenesset. I fjor gikk skrea der og raserte kraftlinja slik at folk vestaførr Eidet utover tel Sjursvika blei uten strøm et par daga. Det e lærdom i gamle namn, man må bare tenke over korfor det heite det det heite.

Dalen ovaførr Skrenesset heite Skredalen. Det e no ikkje nokken orntlig dal, helst ei skarp kløft. Etter skrea va det nokken som tok tel å lure på at dalen slett ikkje heite Skredalen.

Men la oss no se på historia om Skrenesset og Skredalen. Då skrea gikk i fjor, va det bare tre år sia sist der gikk ras - og tok kraftlinja. Nokken sei at i fjor va det fjerde gongen kraftlinja gikk på den plassen. Den første snyskrea folk no kan huske, og som mange trur Skrenesset fikk namn etter, gikk vesstnok i 1940. (Men namnet er nok eldre). Han Erling Rasmussen fortell at han va med faren, som va veivoktar, og rødda opp etter skrea. Den gikk heilt på havet og tok mykje skog med seg. Han Ol' Isaksa som rodde med posten, samla opp mykje ved uti havet. En kar låg utpå med båt då skrea gikk, og det tok lang tid førr di fekk se båten igjen på grunn all snyen som virvla opp. Han Tormod og han Malvin på Eidet huske den skrea godt. Den tok telefonlinja. Detta skulle altså være i 1940.

Men det va ikkje den første. Eidet e kjent førr storm og rokk og ikkje minst førr kastevijnnan frå fjellet. I 1917 tok han kjerketårnet. I 1796 blei en 20 år gammel ”finnedreng” (namn ikkje nemnt) drept i orkan, og i 1763 blei 16 årige Ole Svendsen drept da stormen velta et vedlass over han. Men det står ikkje nokka om skre og ras i di der hendingan.

Det er nok ei lang lang historia bak namnet Skredalen. Den smale kløfta oppetter fjellsida er grenseskjell mellom matrikkelgårdan Eidet og Frovåg. Vi har ei skjellforretning frå 1823 for gården Eiden med klarlegging av skjellan mejlla nabogårdan. Oppsittaran på Eidet, Frovåg, Hals, Valvågen og Vassvika var med, så namnan må nok være riktig. Der heite det at ”Grenseskillet mellom Eidet og Fruvåg begynder ved Søekanten ved en odde eller Næs kaldet Storskrednæsset ... derfra gaaer linien opad i Nord Nordvest igjennem Storskreddalen, hvor det ved høieste Fjeld ender”.

Så det gamle namnet fortell oss at det har gått store skree der. Di gamle klarte seg ikkje med å sei Skredalen, det måtte bli Storskredalen. Vi e jo enig i det namnet.

Og ei påminning: La oss smake litt på di gamle namnan - det kan være nokka å lære av dem. Mykje av historia våres ligg i namnan, og du skal se opp når gammelhujn gøyr.
Ved hakre, kl 19:00
 
Melding til redaktøren
Fra:
Min emailadresse:
Beskjed:
Søk i artikler
Søkeord: