LokalAvisa.no > Søndre Senniens Budstikke > Namn på Senja søk   mail
 
 
Namn på Senja 07/03 2001
Stonglandseidet - Når bygde skifte namn
Stonglandseidet (foto:hakre)
Stonglandseidet (foto:hakre)
Uttale: Stånnglajnnseie – stånngelajnnseie


Tel bildet:
Eidet bær sitt namn med rette, et eid. På høyre sia har vi Stonglandet.
Og så blei namnet Stonglandseidet førr å skjelle det ut frå
de andre 188 Eide-namna vi har.


Det e lett å se at Stonglandseidet er et tredelt namn. Folk med lang botid i bygda sei bære Eie. Stong og land e to namneledd førr seg sjøl. Det gjør at vi her har å gjøre med et nokså moderne namn, og eg nøtte høvet tel å seie nokken ord om det der. (Om Stong og Stongland kan du gå tilbake tel Budstikka 12. januar i fjor).

Eidet høre tel de eldste namnan. Det e gjerne slik med usamensette gårdsnamn som Nes, Vik, Vika, Øya, Holmen osv. De første menneskan va så få at de trengte ikkje å presisere ka slags eid eller vik de bodde i. Men så kom det en og bosette seg i ei ajnna vik. Då kunne det bli Sørvika og Nordvika - eller Vika og Bortervika.
Men dette gjaldt bære når de va nær kverajnner. Det gjorde ingen ting om det var et Eid på Senja og ett på Nordmøre.
Problemet oppsto når samfunnet begynte å bygge ut nokka så fint som infrastruktur med dampskipsanløp og poståpneri. Og postnummer hadde de jo ikkje. Et brev tel Eidet måtte da leite seg fram gjennom landet. Så skreiv de kanskje ”Eidet på Søndre Senjen” liksom de kunne skrive Eidet på Nordre Møre.


Men det var enklare å gje damsskipsekspedisjonan og poståpnerian nye namn: I detta telfellet Stonglandseidet og Eidet på Nordmøre. I kartserien M-711 finn vi 35 usamensette namn på Eid-Eide i Nord-Norge, 79 på nordvestlandet og 75 på vest-, sør- og austlandet. Altså 189 slike namn. La meg få sette det her i eit visst dagsens perspektiv: I postnummerkatalogen finnes ett einaste namn på Eid - Eidet. Det er 6490 Eid. Og det ligg på Nordmøre, men postnummeret gjør nærare geografisk kartfesting.


Det var annaleis då de første dampan kom. Da oppsto Stonglandseidet - men også Stonglandshals, som ikkje måtte forveksles med Hals på Dyrøya. En grunn tel denne spesifiseringa av namn har vi også i det faktum at det var skipsanløp rundt kver odde. Dampen skulle legge bi overalt der folk bodde. De hadde jo tid tel det hundre år før hurtigbåtan kom.


Men så grodde de nye postnamnan så fast at det er en del av våres identitet: Æ bor på Eide, men æ e frå Stonglandseidet æ! Korleis e det med dæ? E du frå Frovåg eller Frovåghamn, frå Flakstad eller Flakkstadvåg? Nokken vil kanskje telbakeføre namn tel den formen de har hatt før. Ka du trur?
Ved hakre, kl 14:54
 
Melding til redaktøren
Fra:
Min emailadresse:
Beskjed:
Søk i artikler
Søkeord: