LokalAvisa.no > Søndre Senniens Budstikke > Namn på Senja søk   mail
 
 
Namn på Senja 13/02 2001
Hamn i Senja
Hamn i Senja (foto:hakre)
Hamn i Senja (foto:hakre)
Hamn - Helland - Verket


(Uttale: hammn - hællajnn - værrke)


På bildet ser vi Hamn på yttersida av Senja. Hamn ligg på Langbaren mot Bergsfjorden med alle Bergsøyan. Trælen i bakgrunnen tel høyre. Meir typisk kan vel ikkje et namn bli. Her har vi et godt eksempel på korleis et boplassnamn skifte etter som bosetting og aktivitet førandre seg. Fra før av var nok plassen mellom holman selve hamna førr folk som bodde på gården Helland, som vi har på nesset der Nikkelverket har vore. Da Nikkelverket var etablert, åpna Adolf Lund butikk på Langbaren i 1881. I 1906 bygde Hamnevesenet molo. (Se til venstre i bildet). Seinare blei hamna hovedelementet, og så oppsto det som namn på gårn, hamna blei Hamn, blei Hamn i Senjen, blei Hamn i Senja.


Helland er det første namnet som var brukt i matrikkelen. Det betyr sannsynligvis hellig - hellig land (jfr. Helgeland). Gården ligg like under Hellandstijn, den hellige tinden. Det ligg nær å koble dette tel namnet Ballesvika som ligg like søraførr. Den gården kan ha namn etter guden Balder, den lysaste og beste av alle gudan i norrøn tid. "Balders vik" må det då ha vore. Gården har ei eldgammel historie, og kan ha hatt et hov, et førkristent gudshus, tel ære førr Balder. Men meir enn synsing blir det foreløpig ikkje.
Detta med hellige namn har vi kanskje også bevart i namnet Håmannsvika like ved. Det kan bety "vika tel den høge". Det svekke i alle fall ikkje tanken på namn frå norrøn gudelære her.
Hamn er et mykje brukt naturnamn om god liggeplass førr båt. I nyare tid har vi så fått mange poststada og skipsanløp med namn som ende på -hamn - slike som Kastneshamn, Dyrøyhamn, Sandhamn, Vangshamn, Frovåghamn osv. Og så da Hamn i Senja. I tellegg har vi de 252 namnan i Nord-Norge som enten heite bare hamn eller har hamn som førsteledd. Igjen ser vi et resultat av den moderne utviklinga av samferdsel på slutten av 1800-tallet: Det blei så mange hamne at man måtte identifisere kver enkelt med et fornamn.
Det er jo på same måten med andre namn. De fleste posthusan og skipsanløpan har fått nye namn. De gamle som Eidet, Halsen, Hamna identifiserte ikkje et posthus godt nok. Og vi fikk de nye namnan samensett av eldre: Stonglandseidet, Stonglandshals, Lekangsund, Senjehopen, Mefjordvær, Flakstadvåg osv. No har dessa endingan ikkje nokken funksjon lenger, og vi burde kanskje kvitte oss med dem og ta de gamle namnan i bruk igjen. Posthusnamn har vi jo nesten ikkje bruk førr meir).


Hamn som namn på gården Helland blei første gong brukt i matrikkelen 1838. Namnet hadde nok eksistert lenge, lenge. No er det opphavlige namnet Helland bevart i fjellet Hellandstijn rett opp av Nikkelverket. Nesset der restan etter Nikkelverket ligg, heite Hellandsnesset. Etter at Senjens Nikkelværk hadde bygd ut en by på Hellandsnesset i åran etter 1872, blei gården på nesset kalt førr Verket - og det namnet brukes den dag i dag. Hellandsnesset er jo også kjent.
Men Hamn i Senja har vi! Og her er et godt eksempel på korleis namn skifte med skiftanes tie.
Ved hakre, kl 15:07
 
Melding til redaktøren
Fra:
Min emailadresse:
Beskjed:
Søk i artikler
Søkeord: