LokalAvisa.no > Søndre Senniens Budstikke > Namn på Senja søk   mail
 
 
Namn på Senja 30/01 2001
Gryllefjord - korfør heite det det?
Gryllefjord - flybilde (foto:hakre)
Gryllefjord - flybilde (foto:hakre)
Uttale: gryllefjo:r - gryjllefjo:r


Det er fleire som har spurt korførr Gryllefjord heite Gryllefjord. Da kjem det fram fleire teoria om namnet. Det siste var en som hadde lagt merke til at det latinske namnet på teisten var geppus grylle. Kunne namnet på fjorn være en rest etter de latinspråklige folkan som skulle ha reke i land på yttersida en gong? Og at de hadde sett mykje teist på Gryllefjorn?
Nei, om det no rak nån i land i Sandsvika, så var det i tilfelle så seint at namnet Gryllefjord eksisterte alt då. Og teisten har nok gjedd namn tel et fjell på Senja, men da på norsk.


Den eldste kjente skriftforma er Gryflufyrdhe frå 1386. Alle seinare skriftformer har grylle/grølle - ett enkelt tilfelle Grollefjord... De fleste som har beskreve namnet, har tatt som utgangspunkt at grunnlaget er grave - og at det kjem av elvenamnet ”gryvla”. Men det er bare den haken at der er ikkje nokka elv i fjorden som kan ha grave særlig mykje. Men det kan jo ha vorre.


Gryvle kan også bety en ujevn plass med mykje stein - og slik er det jo ofte der elve har grave. ”Gryvle - et stenigt, ujævnt sted” heiter det i Ross: Norsk Ordbog. Vi kan jo trygt sei at fjellsidene omkring Gryllefjord er et ”stenigt og ujævnt sted”. Du ser det også på bildet her.


I fjellet omkring fjorden er der grope og stein og ”grovvel”. Også det kan være opphav tel namnet Gryllefjord. Det vi ganske sikkert kan slå fast, er at det har å gjøre med grave.


Men la oss se på et anna namn lenger nord på Senja. Innaførre Oksen og utaførre bygda Ersfjorden e der et skarpt skar som heite Grylleskaret. Slik er namnet skreve av Arthur Brox i bygdeboka. Der renn ei lita elv. På nyare kart er skriftforma Grylskarelva. Den renn mellom to grove fjell som heite litje og store Grovla. Det er nok same namnet som i Gryllefjord (som i ei skriftform fra 1567 heiter Grollefjord). Eg regne med at elva har heitt gryvla av å grave. Og så har skaret fått namnet Grylleskaret etter elva. Korleis det har seg med fjellan store og litje Grovla, kan eg ikkje svare eksakt på, men opphavsordet kan være akkurat dette med å grave - eller "et stenigt ujævnt sted". Det kan forsåvidt være begge dela.

Vi er ved den forklaringa at Gryllefjorden er gryvlefjorn, grovlefjorn, og at opphavet kan eller må være elvenamn og de gropen eller botnan vi har oppi fjellan på begge side av fjorden. De e grovven ut av naturkreftene. Studerer du bildet litt nøye, ser du nok at heile Gryllefjorden er som ei gryta grovven ut av berget. Over heile landet finn vi mange namn på grylle og gryvle, og tydinga synes stort sett å være den same med opphav i grave/gryvla/grovla.
Ved hakre, kl 15:02
 
Melding til redaktøren
Fra:
Min emailadresse:
Beskjed:
Søk i artikler
Søkeord: