LokalAvisa.no > Søndre Senniens Budstikke > Namn på Senja søk   mail
 
 
Namn på Senja 23/01 2001
Blyfjorden - en blygrå fjord
Blyfjorden - havnevesenet (foto:statens havnevesen)
Blyfjorden - havnevesenet (foto:statens havnevesen)
(Uttale: bly:fjo:rn)


På bildet ser du Hamnevesenet i ferd med å sette i land utstyr for å ta fatt på bygging av molo i Blyfjorden. Landskapet i fjære fortell oss at det kan være nødvendig. Men moloen var ikkje kommen den gongen 11 mann vandra over skaret tel Å og Longan - og berga så vidt livet


Det er en einaste fjord i Norge som heite Blyfjorden - med kartserien M 711 som kilde. Den fjorden har vi på Senja. Men namn som Blyfjell, Blyfjellvatn og lignanes er det fleire av.
Eg har lurt på korførr fjorden har detta namnet. Då har det komme for meg blygrått hav, blygrå himmel og slike ord. Og så har eg i meg ei strofe frå diktet ”Norge” av Nordahl Grieg:


Blygrå og skavlet går sjøen mot
en værhård strand.
Båtlaget steller en isen not
skyver fra land.
Dette er Norge.



Blygrått -
Og det møtte meg første gongen eg var nede i Blyfjorden. Kom over frå innersida. Det var stav stilla på Blyfjordvatnet og over Blyfjordheia. Eg hadde gått frå heia i vindstilla ned tel fjæra.
Der kom vinden kastanes ovana fjellet. Den sveipte utover fjorden og la Blyfjorden blåsvart og blygrå.
- Å, tenkte eg, - e det derførr den heite Blyfjorden.
Og eg har sett han blåsvart fleire gonga.


Så gikk eg heim over Blyfjordheia og langs Blyfjordvatnet. Heime på Eidet kom han Lyder på besøk akkurat da, og eg spør han:
- Kan du sei meg korførr Blyfjorn heite Blyfjorn.
- Nei du, det veit eg ikkje. Det må no vel være førr det at han bløs så mykje og legg han svart.
- Eg har tenkt i den retninga, eg og, sa eg.
Så grunna han Lyder litt. Så sei han:
- No huske eg en gong vi låg oppmed Sørøya med ”Johan Drage”. Vi hadde søkt hamn i en fjord, og han bløs nokka dyrisk. Og kaldt var det jo. Då kjem han Alf på Bakkemo nedi luggarn.
- Janei, sei han Alf, - vi har no vel lagt oss på en blyfjord.
Det der styrka jo namneforklaringa mi.
I det nye stadnamnleksikonet frå Det Norske Samlaget står detta:

Blyfjorden:Førsteleddet er kanskje ordet bly, (gråblått) tungt metall og siktar til mørk farge på fjorden”.
Der er eg enig med stadnamnleksikonet. I tellegg tel vindan som kjem rullanes ned frå fjellet, blir fjorden ganske blygrå og blåsvart sommars tid av at fjellan speile seg i havet. Men det e vindan som e viktig her!
Om fleire bly-namn i Norge har det vore spekulert i elvenamnet blya. Det måtte i telfelle være elva frå Åborsvatnet som har heitt Blya. Ja, kem som veit, men eg trur det ikkje. Eg trur Blyfjorden er en blyfjord, blå, grå og svart som bly.
Det kunne være nokka å sette opp vindmølle der i staden førr å regulere Blyfjordvatnet. Men då får jo ikkje smolten vatn.
Ved hakre, kl 21:49
 
Melding til redaktøren
Fra:
Min emailadresse:
Beskjed:
Søk i artikler
Søkeord: