LokalAvisa.no > Søndre Senniens Budstikke > Namn på Senja søk   mail
 
 
Namn på Senja 17/01 2001
Ersfjorden og Tebbeltuva
Ersfjorden (foto:hakre)
Ersfjorden (foto:hakre)
(uttale: ærssfjo:rn) og tæbbeltu:va


Nord i Berg kommune har vi Ersfjorden. Fjorden ligg på sørsida av Oksen - med Mefjorden på nordsida. For å plassere den her, kan vi sei at det er der omtrent vi skal få tunnellinntak nordover tel Mefjorn - tel Senjehopen eller Mefjordvær.


Heile fjorden heite Ersfjorden - og den litje bygd inne ved botn heite Ersfjorden. På Kvaløya nordaførr Senja har vi også en Ersfjord. Her er vi ved et namn som ikkje byr på store problem med tolkinga. Forklaringa ligg i dagen:


Vi har bevart fleire skrivemåta av namnet frå eldre tid. Så tidlig som på 1400-tallet (ca. 1440) brukes Eriksfyrde i Aslak Bolts jordebok. Det finnes ingen skrivemåta som gjer grunn til tvil om opphavet: Det betyr kort og godt Eriksfjorden. Så kan man lure på om det var grunnleggarn av gården som heitte Erik. Men det treng vi no ikkje være så sikker på. Det kan være en bonde eller feskar eller feskarbonde som sette spor etter seg på yttersida - og fikk heile fjorden oppkalt etter seg.


Det er bratte fjell over gårn. Arthur Brox fortell i bygdeboka at de kunne se toppen av Snykollen opp gjennom skorsteinspipa på gårn. Toppen er omtrent 700 meter høg. Ikkje langt frå gårn har vi også fjellet Tebbeltuva. Det er et interessant namn. Ka betyr det? Kan nokken hjelpe med forklaringa?

Ved hakre, kl 11:59
 
Melding til redaktøren
Fra:
Min emailadresse:
Beskjed:
Søk i artikler
Søkeord: