LokalAvisa.no > Søndre Senniens Budstikke > Namn på Senja søk   mail
 
 
Namn på Senja 19/12 2000
Juldagen og Juldagan
Juldagan (foto:hakre)
Juldagan (foto:hakre)
(Uttale: ju:lda:gen)



No vil eg førrtelle om Juldagen og Juldagan. Ikkje om den 25. og 26. desember, men om namn i hav og mark. På bildet her ser dokker de tre Juldagan under fjellet Juldagen.


Nesset mella Torsken og Gryllefjord heite Juldagsnesset, fjellet ovafor har namnet Juldagen - og nordsida av Juldagen heite Gleret (det er fra gno. og betyr glass). I sjøkanten nordafor nesset står de tre steinan. Det e Juldagan. Peter Ursin skriv i 1770-åran om Juldagan, som står et støkke frå Ausa:

Et stykke derfra man bliver strax var
Tre stene i søen som navnet jo har
Juldagene alle tilsammen.


Dermed er vi midt inne i dagens tema - Juldagen, Juldagan i stadnamn.


Det er ikkje så uvanlig. Sannsynligvis betyr det nokka godt, slik vi ofte høre folk sei: Det var jo reine juldagen. Da var det en god og lett dag. Det beste man hadde tok man jo fram på juldagen. Det er den mest sannsynlige tolkinga av juldags-namnan.
Vi kan forestille oss at når folk vandra over høge åsa og skar og fekk unnabakke, da var det bære juldagen. Slik er det når en kjem over Juldagsskaret på Stonglandet og skal tel kjerka på Eidet. Då er det unnabakke og bære juldagen.


De tre steinan som heite Juldagan, står like ved Ausa, hula med et dystert sagn baki historia. Når folk kom frå havet og skulle tel Gryllefjord og runda detta berget, då kom de inn i smult vatn. Reine juldagen heim te møljegryta!


Så lett gikk det ikkje førr ho Karen Margrete og ho Oline i januar 1865, som Arthur Brox fortel om i ”Folkeminne frå Ytre Senja” II. De to hadde vore i Torsken og rennt en vev. På heimveien rodde de seg opp på en av steinan ved Juldagen og omkom. ”Vinden fall av Osteren om natta, og om morgonen fann dei båten og begge lika i fjæra i Barbogen, der mora og søstera til Karen budde. Både Karen og Oline var i trettiåra, og begge gjekk med barn, så det var fire liv som kom bort den gongen, sa den gamle mannen som fortalde dette.
Den steinen som folk trur var årsak til ulykka, blei sidan kalt Kjerringsteinen”.
Ved hakre, kl 09:36
 
Melding til redaktøren
Fra:
Min emailadresse:
Beskjed:
Søk i artikler
Søkeord: