LokalAvisa.no > Søndre Senniens Budstikke > Namn på Senja søk   mail
 
 
Namn på Senja 12/12 2000
Senjehopen - Hopen i Senja
Senjehopen (foto:hakre)
Senjehopen (foto:hakre)
(Uttale: ho:pen - sænnjeho:pen - med lukka, rund o som i god. Yngre folk sei no Sænnjaho:pen.Også Norsk Stadnamnleksikon gjer opp Senjehopen som uttale).


Hop e et vanlig namn langs kysten. I Nord-Norge finn eg 68 hop-namn i kartserien M 711. Av dessa e 27 usamensett: hop, hopen, hopan. Langs heile kysten har vi 200 hop-namn. Det E altså et mykje brukt namn.


Av hop-namnan hos oss kjenne vi antakelig best tel Senjehopen, eller Senjahopen som er blitt offisiell skriftform.


Hop er ei havbukt, ofte med trang inngang. Senjehopen heitte førr bære Hopen. På austersida e namnet Græshopen. Inste del av hopen heite Hopsvatnet. Det e jo den egentlige Hopen. På vestersida og nordsida ligg feskeværret Senjehopen.


Hofsøya e også et hop-namn, som vi før har skreve om, både den på Stonglandet og den ved Straumsnes. Begge plassan ligg ved kver si havbukt - Hofsøybotn og Bergsbotn. Dessa ”botnan” må ha heitt hop en gong, og begge e typiske hopa.


Av kjente hop-namn har vi f.eks. feskeværret Hopen i Lofoten og fleire plassa langs kysten av Vestlandet og Nord-Norge. Og så har vi Hopen ved Svalbard. Men det e lett å la seg lure med namn - denna håplaust telgjengelige øya kjem av engelsk hope - og det betyr håp.


Men Hopen på Senja burde skrives Senjehopen, slik postverket gjorde før. Det va etter forslag frå en konsulent utafrå at a-en kom inn i staden før e. Kommunestyret i Berg gjorde vedtak om den nye skrivemåten. Og ei skriftform har lett for å få status som det einaste riktige. Eg veit jo at det va folk i Berg som va svært skeptisk tel denna forma - blant andre han Johannes Skancke. I en artikkel i Årbok for Senja nr. 11-12/1983 skreiv han en velbegrunna artikkel tel forsvar førr Senjehopen, og viste med gode faglige eksempel at skrivemåten med a ikkje hadde rot i dialekten. Vi kan samenligne med Senjehesten, der denne skrivemåten er kjent frå 1500-tallet.


Jo lenger en feil skrivemåte får stå, jo sterkare grunnlag får den i dialekten, for folk herme etter skrivemåten. Slik ”blir den rett” med tida. Men skal vi gå et steg telbake og bruke det det verkelig heite, Hopen. Vi har så altfor mange slike samensette namn som blei tel førr å skjelle den eine hopen frå den andre, det eine eidet frå det andre osv. E det ikkje på tide å rydde opp i det der? Det hendte i de daga då posten og dampskipstrafikken kom. Mange av de nye namnan blei då meir og mindre unaturlige kombinasjona. Poststaden nord i Berg heitte Hopen i Senjen frå 1915 tel 1918, då Postverket innførte Senjehopen. I 1979 blei skrivemåten endra tel Senjahopen.
- Det kan jo heite Hopen i Senja, sa en bergsværing eg snakka med om detta. - Som Hamn i Senja.


På bildet ser du Hopen innover Hopsvatnet sett frå den smale innseglinga. Værret ligg på høgre sida.
Ved hakre, kl 22:17
 
Melding til redaktøren
Fra:
Min emailadresse:
Beskjed:
Søk i artikler
Søkeord: