LokalAvisa.no > Søndre Senniens Budstikke > Namn på Senja søk   mail
 
 
Namn på Senja 04/12 2000
"Bekken går i engen", -eller Vassgroa og Bjelma
Vassgroa i Vassvika (foto:hakre)
Vassgroa i Vassvika (foto:hakre)
(Uttale: vassgro:a - bjællma)


På bildet ser du Vassgroa. Det er ei elv i Vassvikdalen. Ei anna elv heiter Bjelma. Den finn vi ved Lysbotnvatnet. La oss se litt på de to elvenamnan.


Et vassdrag blir ikkje så lite at det heite bekk i eldre nordnorsk dialekt. Til vanlig blir ikkje flytanes vatn så smått og smalt at det ikkje heite elv. Slik har det vore. Men vi kjenne den gamle visa om at bekken går i engen. Og slik, gjennom sang og dikt og fortelling e elva blidd bekk.


Eg diskuterte elv og bekk med han Arvid Hanssen en gang. Nei, han visste ikkje av bekkenamn. Men der va ei lita elv som heitte Sortebekken. Det e ei førrvansking, sa han Arvid. Eg trur det har heitt Svartåbakken, og elva har heitt Svartåa. Så har ordet å blitt mindre brukt, og elva rann jo der. Så blei det ikkje nokka svartelv av det, men bakken like ved hadde jo namn av Svartåa. Og når folk ikkje riktig forsto nokka særlig med svartåbakken, så var det selvlgelige svartebekken som blei namnet. Og det utvikla seg nokså lydriktig tel Sortebekken.


Er det rett? Ja, antakelig. Førr du skal leite lenge før du finn namnet bekk i Nord-Norge, i alle fall attover i tida. Sjøl det minste sik heite elv - og mange av de små elven heite telmed Lakselva. Det finns tusen lakselve. Det har nok litt å gjøre med at ferskvassfesk ofte blei nemnt laks uansett sort. Laks eller kjøa.


Men det finnes andre namn på små vasdrag også hos oss. Bjelma e eit elva som flomme over breddan sine. - Det blir gjerne ei bjelma der ei elv renn ut av et vatn, sa ho Petra i Tverråsen tel meg en gang. Der er vi ved ordet å bjelme. Det gjør vi når vi drikk fort og mykje og med ”bjelmelyda”.Og var no ei elv ekstra lita, kunne de kalle ho sik eller veit. Og så hadde de namnet grov, som kjem av å grave - liksom grøft gjør det.


Slik blei namnet Vassgroa i Vassvikdalen tel. Ho grov seg sjøl vei gjenna myra frå vatnet tel Vassvikelva. Den elva kjem frå fjellet og renn videre tel havet. Men Vassgroa ende i Vassvikelva. Det kan nok hende at namnet på elva (Vassvikelva) verka inn på namngjeinga. Vass og elv to ganga i to namn like attmed kverandre kunne jo skape messførståelse. I alle fall blei elva frå vatnet kalt Vassgroa.


Eg snakka en gong med en museumsmann på Vestlandet og spurte om dette med ordet bekk hos dem. Nei, heller ikkje der brukte de ordet bekk, men det hendte at ei lita elv kunne bli nemnt grov, groa.


Men bekken går fortsatt i engen, og stadig flere bekka kjem nok tel i namnesystemet våres.
Ved hakre, kl 23:34
 
Melding til redaktøren
Fra:
Min emailadresse:
Beskjed:
Søk i artikler
Søkeord: