LokalAvisa.no > Lokalavisa i Luster mail
 
 

Lokalavisa i Luster

Nyheter 26/09 2003
Torodd Urnes vert ny ordførar i Luster
 (foto:)
(foto:)
Torodd Urnes frå Kristeleg Folkeparti blir ny ordførar i Luster, og Kjellfred Weum frå Senterpartiet ny varaordførar. Det vart dei borgarlege partia samde om i går kveld. Urnes blir dermed den første borgarlege ordføraren i Luster på 14 år.

Publisert 25.09.2003 08:59. Oppdatert 25.09.2003 13:25.
Av Kjell Arvid Stølen og Vegar Erstad

Viljen til å få borgarleg ordførar etter 14 år med Ernst Veum og Arbeidarpartiet var så stor at eventuell ulyst mot å ta Framstegspartiet inn i varmen vart lagd til side. Det resulterte i at Erling Vigdal frå Frp får plass i formannskapet. Ordføraren frå Kristeleg Folkeparti kan leve med det.


Borgarleg politikk
Torodd Urnes er 50 år gamal, fødd og oppvaksen på Indre Hafslo. Han har vore veterinær i Luster i 25 år, i tillegg til at han har drive farsgarden. Han har site i kommunestyret i åtte år, og lovar at folk i Luster skal merke at tida med Arbeidarpartistyre er over. Dei vil prøve å leggje vekt på ein borgarleg politikk.


Vraka som ordførarkandidat
At Arbeidarpartiet tapte fleirtalet i Luster, meiner mange kjem av at Ernst Veum, ordførar i 14 år, vart vraka som ordførarkandidat til fordel for Inger Marie Evjestad. Akkurat det har ikkje den nye ordføraren spekulert så mykje over. - Vi har berre grepe den sjansen som veljarane gav oss, seier han.
(NRK Sogn og Fjordane)
Ved ES, kl 06:26