LokalAvisa.no > Søndre Senniens Budstikke > Namn på Senja søk   mail
 
 
Namn på Senja 07/05 2002
Balten og Baltsfjorden på Nord-Senja
Baltsfjorden (foto:hakre)
Baltsfjorden (foto:hakre)
Uttale: bajlltn, bajlltsfjorn
Tel bildet: Balten tel venstre over Baltsfjorden

Balten og Baltsfjorden ligg nord på Senja.
I Torsken har vi en gård som heile Ballesvika.
Lenger nord i Troms har vi en fjord som heite Balsfjorden.
Men i Lenvik, gamle Hillesøy, altså Baltsfjorden.
Korførr dessa namnan på bals- og balts –
og betyr de det same?

La oss se:
Vi har tidligare skreve om Ballesvika i Torsken,
og det er vanlig å sette det i samenheng
med den norrøne guden Balder.
Altså har vi å gjøre med Baldersvik,
dersom detta namneopphavet er tolka rett.
Kanskje har Balsfjorden lenger nord i Troms
det same opphavet.

Men ka med Baltsfjorden nordligast på Senja?
Vi ser der e kommen inn en -t i namnet.
Den signalisere nokka anna.
Når namnet uttales høre vi heilt klart t-en, bajlltsfjorn.

Og her ligg kanskje førklaringa:
På vestsida av Baltsfjorden
har vi en høg, markert topp som heite Balten.
Det er et namn fra gammelnorsk språk og betyr bjørnen.
Fjellet ligg ute på den halvøya
som skjelle Baltsfjorden fra Øyfjorden vestaførr.
Ytterst ute på nesset av denne halvøya
ligg en næring som heite Nøringen.
Det betyr nok den nordlige, liksom næring.
(Eg gjør oppmerksom på at Jens Solvang
i gårdshistoria for Hillesøya har ei anna tyding,
nemlig at det er mannsnamnet Balti som ligg tel grunn.
Han har tolkinga fra Oluf Rygh: Norske Gaardnamne.
Eg meiner det er fjellet som er opphavet).

Rett under fjellet låg det gamle værret Baltestadvær.
Det var sett på som så viktig
at landet mellom Øyfjorden og Gisundet
fikk namnet Baltestad tinglag.
Det var det området der folket samla seg til felles ting –
for eksempel i Baltestadvær.
Endinga stad (stadir) er ei eldgammel namneending.
Som oftast går den telbakers tel vikingtida.

På bildet ser vi bebyggelsen i Baltsfjorden i dag.
Balten er det høgaste fjellet til venstre.
Det gamle Baltestadvær låg uti fjorden rett under Balten.
Og fjellet –
synes du ikkje det ser ut som en bjørn oppi toppen?
Hakre
Ved hakre, kl 12:13
 
Melding til redaktøren
Fra:
Min emailadresse:
Beskjed:
Søk i artikler
Søkeord: