LokalAvisa.no > Søndre Senniens Budstikke > Namn på Senja søk   mail
 
 
Namn på Senja 21/04 2002
Melkeråelva - den kvite elva i Dova der den siste bjørn på Senja blei skotten
Melkeråelva (foto:hakre)
Melkeråelva (foto:hakre)
(Uttale: mællkeråællva - dåvva)

Utførre Sjursvika, nesten uti ytterste Dova,
renn der ut ei elv.
Ho kjem hoppanes nedover bratte lia.
Det e Melkeråelva.
Det hende nok endå at nokken sei Melkeråa.
Men det ei av di mange åen som e blidd elve –
Slike som Å-elva og Engerøelva på Stangnes
og mange mange fleire.
Når å blei litt ukjennelig i et namn,
Så hengte man elv etter – og forsto.
Det e ikkje så mange åe igjen hos oss,
men i Stangnes-marka renn enno Vassåa.

Tel Melkeråelva kan du følle en sti frå Sjursvika.
Den går i veldig bratt lende.
Der e gåanes, æ har prøvd.
Men tel Melkeråa kjem man best i båt.

Vatnet i Melkeråa kan være gråkvitt.
Det e nok derav den har namnet.
Det ligg is og snø der oppe mykje av året,
Og brevatnet blir kvitt av leir og anna slam.
Namnet kan jo også bety melkeplass,
om en plass der man melka kyr eller rein.
Men det e ikkje mykje som tyde på det her.

Melkeråa e liksom det ytterste ute.
Der e innersida slutt og den barske yttersida overtar.
Det e vel derførr dem herme etter han Henrik Antonsa,
som alltid ville være tidlig oppe og få mykje gjort,
og så snakka han bakvendt:

Eg rodd over fjellet
og gjekk over Påjln’
og drog ei hall bøtta blekkfest.
Og endå va eg med Melkeråa
før sola sto opp.

I ei anna regla e osså Melkeråa med:
Eg slakta kua
og barka huda
og syjdde støvla.
Og endå va eg med Melkeråa
før sola sto opp.

Når Melketråa blir et poeng
i ord og herminge frå innersida
e det kanskje førr det at elva blei oppfatta
som det ytterste ytre.
Det legg litt eventyrglans over Melkeråa,
som et Soria Moria ute i Dova mot havsauet.

Og så va det her oppførre Melkeråa, oppi Dova,
han Kobbe-Josef skaut den siste bjørn på Senja.
Han hadde hjelpesmenn med.
Dem laga ei ris-sloga og la bjørn på
og drog han ned tel utløpet av Melkeråa.
Der fikk dem han om bord i en båt.
Det må ha vore mellom 1890 og 1895.

Men det va altså med Melkeråa
at gamlingen skaut gamlingen.
Ved OK, kl 13:37
 
Melding til redaktøren
Fra:
Min emailadresse:
Beskjed:
Søk i artikler
Søkeord: