LokalAvisa.no > Søndre Senniens Budstikke > Namn på Senja søk   mail
 
 
Namn på Senja 10/10 2001
Finnkongkeila på Senja
Finnkongkeila på Senja (foto:hakre)
Finnkongkeila på Senja (foto:hakre)
(Uttale: fijnnkångkjeila)

Alle som har rodd Finnmarks-havet kjenne Finnkongkeila.
Det e et feskevær på austersida av Nordkinnhalvøya –
altså mot Tanafjorden.
No skal eg formulere meg litt klarare:
Finnkongkeila var et feskevær,
men har vore frafløtta sia krigen.
Her gikk det fort og effektivt i løpet av nån tima
med frafløttingseksperta fra tyske Wehrmacht hausten 1944.

Men Finnkongkeila er et fantasiegganes namn.
Ka slags konge var det som bodde her?
Var han i slekt med "finnekongen" i Kongshamn
ved Kjølnes fyr austaførre Berlevåg.
Han som Kjølnesvisa e dikta om århundra telbake.

En dag for nokså lenge sia fikk eg høre om
Finnkongkeila også på Senja.
Det var Mikal Hofsø fra Hofsøya som beretta
og merka namnet av på kart førr meg.
Seinare har eg hørt namnet fra anna hold og.

Finnkongkeila e den ytterste keila i Stongodden,
heilt sørligast på Stonglandet og Senja.
Knapt nok ei keila av lengde, men et innhøgg i landet er det.

Ka slags konge var det som bodde ytterst mot havet,
og ka var det som hendte den kongen?
Nei, kanskje namnet ikkje har nokka med konge å gjøre?
Men det kan ha dramatisk bakgrunn likevel.
Eg har ei lita tru på at det har sitt opphav i finnkona (fijnnkånna).
Når det etter dobbel n kjem en k-lyd (eller g-lyd),
blir n foran "assimilert", dvs. den blir
gjort lik den bokstaven som kjem etter.
I dette telfell blir n meir lik k - og blir altså ng.
(Detta kalles i all enkelheit regressiv, tilbakevirkanes, assimilasjon.
Så veit du no det også!).
Slik kan taleorganan våres sjøll endre ei finnnkona tel en finnkonge.
Og det e gjort i mange namn.
Det e kanskje det som har skjedd med
Finnkongkeila på Nordkinnhalvøya.

Samekona eller "finnkonna" har sett merke etter seg
også mange andre plassa på Senja.
Vi har tidligare behandla namnet Finnkonnhollholtet.
Nordi Bergsfjorden har vi Finnkonna sjøl i et mektig fjell
Som ligne ei samekona som står og ser utover havet.
(Nokken kan se ei samekona som ligg på rygg med kommogan på seg).

Korførr den ytterste smale keila på Stonglandet
skal være oppkalt etter ei finnkona, det veit eg ikkje,
og det vesste ikkje han Mikal Hofsø heller.

Men det finns ei anna mulig førklaring:
Ytterst i Stongodden ligg ei stor gravrøys,
den må være fra før 1000-tallet.
Enn om førklaringa ligg her?
Grava e så gammel at ingen har ant alder og opphav.
Så har kanskje en stonglandsslaur en gong i historia
slengt med kjeften og sagt at her ligg finnkongen sjøll.
(Like innaførr har vi jo Finnhellarn
der to sama bodde en gong,
han Bukk-Erik og ho Annemor-bane).

Og no må vi kanskje seie at namnet Finnkongkeila
er blitt offer førr den namnedauen som grip om seg.
Men namnet har altså eksistert.


Billedtekst: Ytterst i Stongodden mot vest – Finnkongkeila med Larsvikholmen. Selve storfjellan lenger vest er fra venstre: Senjehesten med Buviktijn, Stortijn (Lonketijn)og Oksen med Okshornet heilt tel høgre.
Ved hakre, kl 20:57
 
Melding til redaktøren
Fra:
Min emailadresse:
Beskjed:
Søk i artikler
Søkeord: